Velkommen til Etne Laks`s nyhetsside

   Vi vil på disse sider forsøke å informere løpende om laksefisket i   Etneelva gjennom sesongen

 

Nyheter 13. juli 2023

Midtsesongevaluering er gjennomført av styret i Etne Elveeigarlag, og det vert ingen endring i fiskereglar, men total fangstkvote for elva er nedjustert med 30% til 700 laks. Dette med bakgrunn i vesentleg dårlegare oppgang enn forventa. Me oppmodar og til gjenutsetting av stor ho laks.  Sjå: Midtsesongevaluering 2023 | Norske Lakseelver 

Etne Laks fortset med ein kvote på 2 laks pr døgn pr sone.

Helsing

Steinar

 

Nyheter 16. juni 2023

Da var laksefisket igang igjen, sjølv om lite fisk har passert fella og strålande sol. Dette har nok prega opninga. 

Da me har fått for få skjellprøvar fra sportsfisket dei siste åra, prøver me nå å få alle til å levere dette dersom dei får fangst. Havforskningsinstituttet har laga ein flyer om dette der dei bla fortel om kor viktig dette er, og dei lovar uttrekning av premiar blant innkomne prøvar. De finn flyeren her.

For Etne Laks sine sonar ynskjer me som tidlegare år at de leverer skjellprøven i postkassen på Etne Camping. Skjellprøvekonvoluttar ligg i postkassen, og De kan få hjelp til å ta prøven, og å vege han.  '

Helsing

Steinar

Nyheter 26. mars. 2023

Årsmøte Elveeigarlaget. 23. mars var det årsmøte i Etne Elveeigarlag. Fiskereglar og årskvotar på sonane vart som ifjor, med unntak av at utsetjing av holaks som vart endra til 100 cm. Dette avdi det ikkje var alle som såg forskjell på ho og hann så det er best med lik grense for begge kjønn. Sjøauren fortsatt freda. Årskvoten på 1000 laks fordelt etter andelar vart vidareført.  Me prøver og å  få inn  inn i avtale med statsforvaltar at me ynskjer å utvida fisketida dersom midtsesongevaluering viser gode oppgangstal. 

Vart og snakka litt om at fiskarane må bli flinkare å ta skjellprøvar av fangstane, og kva me kan gjera for å få dei til å følje opp dette, og at "fang og slipp" må utførast korrekt og om korleis me bør inførmere betre om dette.

Utleige. Gerd er godt igang me fiskelistene og det kjem snart  liste over ledige døgn her på nett. Ta kontakt med Gerd på Etne Camping dersom du ynskjer fiske isommar.

Steinar

Nyheter 14.juli 2022

 

Midtsesongevaluering. Pr. 8.juli viste prognosane at me vil få eit stort overskot på gytebestandsmål som er på 1025 kg holaks. Tala fra laksefella viser ar det  er ca 1700 kg holaks ovanfor fella mot ca 1400 kg same tid ifjor.  Med bakgrunn i dette auka Elveeigarlaget årskvoten til 1200 laks. Sjå  https://lakseelver.no/nb/news/2022/07/midtsesongevaluering-2022

.

Fri kvote. Da det ikkje er fanga så mykje laks i øvre delar av elva, kan  fiskarane nå  ta alle laksar dei får  i sonane 16- 24 som Etne Laks disponerer,  så lenge det er innafor årskvoten på kvar sone. Dette gjeld sonane 16, 17, 18, 19, 21, 22, 23 og 24. Tala fra midtsesongevalueringa viser at det er rom for å hauste maksimale kvotar.  (NB, holaks over 90 cm og hannlaks over 100 cm skal fortsatt setjast utatt.)

Steinar

Nyheter 25. april 2022

Ny sesong nermar seg og bookinga er i full gang,

På årsmøtet til Etne Elveeigarlag vart det vedtatt å innføre årskvotar for kvar sone fordelt etter andelar i elva, og at halve kvoten kan takast før midtsesongevaluering.

På Etne Laks sine sonar fortset me med 2 laksar pr sone pr døgn og trur det vil gå bra. Me har studert statistikk og det er berre nokre få ganger at den tildelte  kvoten  i 2022 hdde blitt for liten.

Men me må ta forbehold om at kvoten kan bli full og da  vil følgjande skje:

-          Dersom me nermar oss full kvote for sonen kan kvoten bli redusert  til 1 fisk pr. døgn

-          Fiskaren får tilbud om å fiske på anna sone dersom det er ledige sonar

-          Eller me betalar tilbake soneleiga.

Nytt er det og at Gjerdsretten(sone 4 til 9) opphevar makkeforbudet.

Faktura på bestillt fiske vert sendt ut ca 1. mai og etter det vert lista med ledige døgn lagd ut. Ta kontakt med Gerd dersom du vil bestille nå. Kontakt Gerd på Etne Camping om du vil bestille fiske.

Helsing

Steinar

 

Fangst av laks og sjøaure i 2020 | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Nyheter 8. juli 2020

Etter meldingar til Elveeigarlaget om mulig rykking av fisk bla i sone 21 vil det bli auka tilsyn i sonen framover. Me ynskjer og å innføre bruk av sirkelkrok under fossen, men avdi dei er vanskelege å få tak i i Etne oppfordrar me dei som har til å bruke dei.

Minner og om dei særskilte reglane for fiske under fossen.

Sone 21, egne tilleggsreglar

        Når vannstand er under 6 m3/sek skal det ikkje fiskast under fossen.

         Under fossen er det kun tillatt med floge og enkeltkrok med makk.

         All krøkt fisk skal setjast utatt i elva, og går av på kvoten. (NY) 

         Fiske i sjølve fossen er forbode.

Steinar

Nyheter 19. juni 2020

Så var fiskesesongen igang, med bra oppgang av fisk i starten av sesongen og bra  fangstar dei første dagane. Pga varmt og fint vær er det mykje vatn i elva.

NB! Ser fangstrapporteringa  er dårleg når det  gjeld 0 rapportar. Hugs at du skal rapportere 0 fangst på www.elveguiden.no   før  fisket startar, så skal du evt. redigere dette når du får fisk.

Steinar

 

Nyheter 7. mai 2020

Nermar seg ny sesong, og har nå lagt ut liste over ledige døgn. Er  mindre forhandsbestilling iår, skuldast vel eindel usikkerhet vedr. Korona, og 2 sesongar med lite vatn i elva.   Når det gjeld Korona må me berre vente og sjå kva reglar som gjeld når fisket startar.

 Nytt for året er at Elveeigarlaget har bestemt at all laks over 90 cm skal setjast utatt i elva, dei ser på tala i fella der oppgangen i elva gjekk ned for 5.året på rad ifjor. Det vil også kome litt endringar i registrering av fangst, sannsynlegvis må du registrere døgnet ditt på Elveguiden.no før du startar fisket ditt og registrere fangsten etterpå. Ikkje avklart enda.

Steinar

 

Nyheter 23. sept. 2019

Fangstrapportering: Oppfordrar alle som ikkje har registrert fangstrapport på www.elveguiden.no om å gjera det snarast. Elveeigarlaget har sendt ut melding om at det er mange  som ikkje har registrert sitt fiske der. Antar det gjeld "null fangst" døgn, men dei skal også registrerast.  Me er takksame om De kasn gjera det snarast,.

Steinar

Nyheter 27. juni 2019

 Vart beden om å leggja ut føljande melding:

Skjellprøver: viktigere enn noen gang!

 

Skjellprøver gir oss mulighet for langt mer enn å analysere laksens alder og vekst. Gjennom de nye analysemetodene for DNA (arvestoff) kartlegger forskere ved HI og NINA i hvilken grad rømt oppdrettslaks har krysset seg med villaks. Siden DNA i skjellmaterialet er svært stabilt, kan opplysninger hentes ut av skjellene mange tiår etter at de er tatt fra fisken.

Med tanke på både menneskeskapte og naturlige påvirkningsfaktorer, og stadig nye og mer presise analysemetoder, er det viktigere enn noen gang at sportsfiskerne tar skjellprøver og er nøyaktige med utfylling av informasjon på konvoluttene.

 

Mvh  Per Tommy Fjeldheim,HI.

Nyheter 10. juni 2019

Fra iår skal fangstrapport registrerast på Elveguiden.no. Gå inn på denne linken, Laksebørs Elveguiden   Opprett ein brukarkonto ved å gå inn på "logg inn",  deretter  registrerer du dine døgn og om du fekk fisk eller ikkje. Her kan du og registrere fangst for andre, og du kan merkje av dersom du ikkje vil at namnet ditt skal vise på internett.  Dersom du søkjer i App Store finn du og ein app til Elveguiden.

Dersom alle rapporterer fortløpande, når fiskedøgnet er over, vil me ha ein laksebørs som alltid er oppdatert.

Dersom du treng hjelp til å registrere fangsten kan du ta kontakt med Gerd på Etne Camping eller sende mail eller SMS meg, så kan me hjelpe med å registrere fangsten/rapporten din. 

Steinar

Nyheter 6. mars 2019

28. februar var det årsmøte i Etne Elveeigarlag der Andreas Aune vart vald til ny formann. Som venta vart det vedtatt at fiskesesongen er fra 15. juni til 15. august og fiskekvotane vert som ifjor 2 laks pr sone, (3 laks i sone 1), at laks over 100cm skal setjast utatt etter 15. juli  og sjøauren vert freda.  Det vart og vedtatt at fangstrapportering skal skje via Elveguiden.no. Her rapporterer fiskarane sjølve inn fangsten og me vil få ein oppdatert laksebørs der.

Gerd er nå komt godt igang med bookinglistene så det er berre å ta kontakt med ho for bestilling av fiske.

Steinar

 

Nyheter 21. oktober 2018

2018  vannstand

Fangst 2018. Det vart kansje tidenes dårligaste sesong i Etneelva iår med ein fangst på 743 kg laks, medan det etter 1969 var 1988 med ein fangst på 1069kg som var dårlegast før iår. Årsaka var lite bitevillig laks i starten av sesongen og  fint, varmt ver og lite vatn i elva mykje av fisketida. Men heldigvis viser laksefella at det er rikeleg med laks i elva, antakeleg meir enn 4 ganger gytebestandsmål. De kan sjå fangsttala på sida Statistikkar

Stamfiske: Igår hadde me stamfiske  og fekk det  me treng av laks til klekkeriet. Me tok inn 19 ho- og 20 hannlaks som skal nyttast til genbank og forsøk av HI. Me skal og fange 10 sjøaurehannar som skal gå til frossen genbank, me reknar med å få dei i fella eller i bekker.

Steinar   

Nyheter 28. april 2018

Gerd har jobba ei tid med å sette saman bookinglista nå og alle fakturaar på bestilt fiske er nå utsendt. Det er mykje av fisket som er booka, og i juni har me kun 7 ledige døgn igjen. Ta kontakt med Gerd dersom du vil fiske.

På årsmøtet til Etne Elveeigarlag vart det nokre endringar i fiskereglane, bla. skal all laks over 100 cm setjast utatt i elva etter 15. juli. Det vert og oppfordra til å nytta sirkelkrok ved makkfiske. Sjå ellers sida fiskereglar. 

7 april vart planta ca 145000 øyerogn på Frette som me fekk fra genbanken på Haukvik. Sjå Rognplanting 

Helsing

Steinar

 

Nyheter 18. november 2017

Fangst 2017. Har nå lagt ut fangsttala for 2017 for Etneelva på sida Statistikkar. Desse viser ein liten nedgang fra ifjor noko som er i tråd med registreringane i laksefella.

Tala fra fella og fangsttala viser at me kunne tolt eit større uttak av laks da me er langt over gytebestandsmål som er 1025 kg holaks. Dei siste åra har det komt langt  ferre smålaks på elva, laksen vert  lenger i sjøen. Dette har gjordt at gjennomsnittsvekta har auka og da treng me ikkje så mange laks for å fylla gytebestandsmål, som sa  311 holaks a 3,3 kg.som var gjennomsnittsvekt før 2007. Gjennomsnittsvekta var 4,7 kg iår, og vel 4 kg dei foregåande år.

Stamfiske: Også iår har me hatt stamfiske og me har nå 37 laksar på klekkeriet. Dette skal i hovedsak nyttast til forskning, difor stryk me dei i Etne og fraktar rogna og melken  til HI sin stasjon på Matre i Masfjorden og blir befrukta der. Iår vart det fanga mange laks som ikkje var registrerte i fella, noko me trur kjem av at fella låg nede ca 3 veker før stamfisket og at dei som gjekk sist på elva bit betre enn dei som har stått lenge i elva.

 Iår vart 8 av 36 laksar som var godkjende i skjellkontroll avviste i gentest (22%) pga for stor innblanding av oppdrettslaks. Det er som forventa ut fra gentestane   HI og NINA har  gjordt dei siste åra.  

Nyttar og høvet til å etterlyse 2 nett til oppbevaring av levande laks i elva som forsvant i stamfisket 21. oktober, og håpar dei som lånte dei leverer dei tilbake til klekkeriet. 

Rogn/ Yngel: Har også oppdatert  sida om  Rognplanting og utsetjing av yngel som har blitt utført dei seinare åra.  Du finn link her

Helsing

Steinar

Nyheter 1. april 2017

Dugnad rognplanting  1. April avlyst/utsatt.   

Måtte avlyse rognplantinga på grunn av stor vassføring i elvane. Me fekk rogna fra Haukvik onsdag kveld så nå ligg den på klekkeriet. 69,15 liter, nesten 5000 rognkorn pr l. så det vert ca 350000 stk.  Den var utvikla 79,1% og me bør ha den utplanta før 90%. Igår var vasstemperaturen 5 grader og da skjer utviklinga fort. Så innan neste helg bør rogna vera planta ut. Med 5 grader i vatnet passerer me 90% søndag 9. april.  

Dersom vannstanden går ned og det er grupper på 2-3 mann som kan plante ut rogn i veka, kan dei ta kontakt med meg så skal De få rogn og tildelt område å plante på.

 Dersom dette ikkje går kan me bli nødd til å klekke ut rogna på klekkeriet og setje ut yngelen når den er klar, antakeleg slutten av mai. Det vert mykje ekstra arbeid og vakthold på klekkeriet.

 

Helsing

Steinar

 

Nyheter 28. mars 2017

Dugnad rognplanting Lørdag 1. April.

Etne Klekkeri treng folk til å vera med på rognplanting lørdag 1. April. Flott om du kan vera med. Me møtest me på klekkeriet kl 10.00 og reiser til Frette for å plante rogna der.
I morgon onsdag får me nesten 350000 øyerogn fra Genbanken i Haukvik I Sør- Trøndelag. Dette er rogn fra stamlaksane fra Etne som går der I levande Genbank. På fredag ettermiddag vil eg vera på klekkeriet og leggja rogn I boksar, så det hadde vert greitt med litt hjelp... da og.
Ta gjerne kontakt om du kan vera med, og ta med vadebukse, grafse eller jernrive dersom du kjem på lørdag.

Har og gjenopretta linken til sida om utlegging av rogn

 

Steinar (mob 97787180)

 

 

Nyheter 5. mars 2017

På årsmøtet til Etne Elveeigarlag den 23.februar vart det vedteke å opna for fiske i Etneelva fra 15. juni til 15. august. Laksekvoten vert som ifjor på 2 laksar pr sone, og det vart opna for kvote på 1 sjøaure pr sone i døgnet dersom det ikkje er forbud fra myndighetene om dette.

 

Har og oppdatert sida statistikkar med fangstane for 2016. 

 

Steinar

 

 

Nyheter 19. juni 2016

Hadde store forventningar til opninga av fisket i elva dette året pga storoppgang av laks i elva. (Laksefella).  Men etter  nokre dagars fiske  har det ikkje vore dei heilt store fangstane. Dette skuldast vel nordaver og låg vassføring, noko kansje fangstane i Sørelva viser. Vassføringa  har vert bra  der og det viser på fangstane.

 

   16. juni fanga Jan A Vinje ein storlaks i sone 10 på 13,3 kg. Dette er den laksen som passerte fella den 1. juni og var da 14,3 kg. Dette kan jo  visa seg å bli årets største laks i Etneelva, me får håpe det kjem fleire slike og større på elva snart så konkurransen om årets største vert oppretthalden. Men me veit jo at 10-15% av laksen passerer fella utan å bli registrert, så håpet er der.

   

 

Nyheter 15. april 2016

Booking av fiske.

Som kjent vert det opna for fiske i Etneelva fra 15. juni og til 15.august. Gerd på Etne Camping har nå jobba med bookinglista ei tid og prøvd å tilpassa dette til fiskarane sine ynskjer etter kontakt med dei. Dersom du ynskjer fiske må du kontakte Gerd på mob. 92043613,  så finn  ho ledige døgn til deg.

Elveeigarlaget vedtok ein kvote på 2 laks pr. sone ( 3 på sone 1) og   du kan setja ut att 2 laksar.  Er og greitt å nemna at krav frå Fylkesmannen om mogelege fangstbegrensande tiltak etter midtsesongevalueringa kan føra til endringar i desse fiskereglane. Sjå ellers sida om fiskereglar.

 

Kultiveringsarbeid. 

18 november strauk me stamfisken på klekkeriet og Havforskningsinstituttet tok med seg all rogna til Matre  for å befrukte ho der, samt å klekke ho fram til øyerogn og i februar vart 10 familiar overført derfra til Genbanken på Haukvik i Sør-Trøndelag.  Det vart og overført melke til frossen Genbank i haust, både fra Laks og Sjøaure.  Vil og nemna at 9 av 38 stamfisk ikkje vart godkjende i gentesten i haust pga for stor innblanding av oppdrettsgener.

Og sist veke planta me 250000 øyerogn i elva på Frette. Dette er rogn fra stamlaksane av Etnestamma  som er i Levande genbank på Haukvik.

 

Ellers vart det skifte av formenn både i Elveeigarlaget og på klekkeriet på ettervinteren.  Kurt Birger Hagen vart ny formann i EE og Øyvind Jakobsen i Etne Klekkeri.

 

Helsing Steinar.  

 

 

Nyheter 25. februar 2016

Fiskeopning.

På årsmøtet i Etne Elveeigarlag 18.februar vart det vedtatt at det vert opna for fiske i Etneelva i sommar i tråd med anbefaling fra øvrig forvalting. Fisket startar 15. juni og varer til 15. august, men det skal vera lovpålagd midtsesong-evaluering så det kan bli endringar i fiskereglane eller i verste fall stopp av fisket da.  Det vart også fastsatt ein kvote på 2 laksar pr sone, med  unnatak av sone 1 der dei kan ta fleire (pga lang sone) og det kan setjast ut att 2 laksar.  Sjøauren er freda.  Kjem meir info seinare om fiskereglane.

 

Når det gjeld utleige treng me litt tid for å få alt på plass, men du kan sende dine ynskjer på mail til Gerd post@etnecamping.no  så tek ho kontakt når me har bookinglista klar.

 

Helsing Steinar

.  

Nyheter 18. oktober 2015

Stamfiske Etne Klekkeri

På vegne av Etne Klekkeri inviterer me fiskarar til å vera med på stamfiske lørdag 24. oktober kl. 10.00. Frammøte på klekkeriet til ei lita orientering og organisering av fiskelag.

Også iår vil Genbanken ha materiale fra 10 familiar med Etnelaks og melke fra 10 sjøaurar som ifjor. Fella vil starte nå å ta vare på sjøaurehannane.

 

 I tillegg til dette ynskjer Havforskningsinstituttet dette fisket som ein test på godheten av fiskefella, for å få vite om mykje fisk går forbi fella utan å bli registrert. Difor er det ynskjeleg å fange 100-150 laks og setje utatt dei me ikkje treng på klekkeriet.

 

Helsing

Steinar

 

 

Nyheter 24.mars 2015

 

Etneelva vert stengd for fiske også i 2015.

Etter tilråding frå lokalt fagråd og styre, har eit samrøystes årsmøte i Etne Elveigarlag vedteke at det ikkje skal opnast for fiske etter laks og sjøaure i Etneelva heller  ikkje denne  sesongen.

Begrunnelsen for avgjerda er den svært negative bestandsutviklinga for Etnelaksen gjennom fleire tiår, og som no er på eit kritisk lågt nivå.

Tilbakevandringa av villaks til dei vestnorske elvane er halvert i løpet av dei siste 30 åra.

Også for Etneelva har pila peika klart nedover i lang tid , og tilbakevandringa  i 2014 var om lag tredjeparten av 2013 , som igjen var berre halvparten av 2012.

Dei årsklassane som no er ute på vandring i havet , og som skal gi grunnlaget for elvefisket i kommande sesongar , er resultatet av svært svake  gytebestandar.

I tillegg er mengda av lakselus i utvandringsruta til  smolten frå Etneelva svært stor, og fører til høg dødelighet. Sjøfasen er kritisk, og det er svært usikkert kor mykje laks og sjøaure som kjem tilbake til elva vår i åra som kjem.

Me har sjølv teke ansvar for forvaltninga av den lokale villaksstamma i det nasjonale laksevassdraget  , og vårt bidrag til styrking av Etnelaksen er mellom anna å avstå frå fiske og salg av fiskekort.

I ein kritisk situasjon med stor usikkerhet har me valgt å vera føre var og vil bidra til å ta vare på Etnelaksen ved ikkje å opna for fiske. All tilbakevandrande villaks går dermed inn i produksjonen av yngel i elva. Elveigarlaget tok initiativet til at elva vart stengd for fiske også i 2010 , 2011 og i 2014.

Lokalt betyr salg av fiskekort og ringverknader for handel, servise og reiseliv , fleire millionar kroner.

Situasjonen for mange  bestandar av villaks er no kritisk , og fleire er allerede tapt. No krevest det at myndighetene tek i bruk dei virkemiddel dei allerede har gjennom gjeldande lovverk til straks å gjennomføra konkrete tiltak for å redusera mengda av lakselus.

Mengden av multiresistent lakselus og ein rømingssituasjon ute av kontroll er no den største trusselen mot villaks og sjøaure langs store deler av norskekysten.

 

Etne Elveigarlag.

Kontaktperson:

Vidar Børretzen. Epost  vidar.borretzen@gmail.com eller mobil  97988354

 

Nyheter 16. desember 2014

Nyheter frå klekkeriet og elva denne  hausten.

Klekkeriet.

Under stamfisket den 11. oktober deltok 16 personar som  fekk  42 laks, 2 sjøaurar og  1 oppdrettslaks.  Resten av sjøaurane som me trong vart fanga  i Prestabekken og Auenbekk,  samt 3 som me fekk fra fiskefella.  Av 36 skjellprøvar vart 1 laks teken ut etter analyse av skjellprøve, og ytterlegare 5 etter DNA test.

  For første gang vart slektskapet til laksen analysert, og me fekk liste fra Veterinærinstituttet over kva for hannlaksar  me skulle nytte til holaksane, det var visstnok ein del søskenbarn blant laksane.

Då me skulle stryka laksane, fekk me problem med at ikkje alle var gytemodne. Difor vart 7 holaks strøkne 20. november , 1 den 2. desember og 2 den 10. desember. Framleis var det ei ho som ikkje var gytemoden, og denne vart sett utatt i elva saman med 3 hannlaks som var til overs.

 I haust har me soleis lagd inn 10 familier med laks på klekkeriet til den levande genbanken, og allerede levert melke fra 9 sjøaurehannar til frossen genbank. (Jmfr. nyhet 3.okt )

Til Havforskningsinstituttet har me av dette materialet levert  2,5 dl rogn fra 6 laksar og melke til desse som skal nyttast til forskning og er frakta til Matre for  befrukting der.

Det er no teken avgjer om at det skal opprettast ein genbank på Ims der laksestammene frå Hardangerfjordsystemet skal inn. Utfordringa er å finna reine restar av dei lokale stammene. Det skal også opprettast lokale karanteneklekkeri der Etne truleg vert det eine.

Ellers har me planar om litt utbetringar av klekkeriet denne vinteren , m.a. byta golv og mala på kontoret.

Elva. 

Det ser ikkje ut som om storflaumen 28. okt. har gjordt nemnande skade .  Fiskefella vart teken på land 22. november og sjølve fella er nesten utan skadar. I fella er det fanga 456 villaks, 359 sjøaurar og 160 oppdrettslaks. Tilsvarande i fjor var 1154 villaks, 922 sjøaure og 84 rømd oppdrettslaks. Me registrerer ein dramatisk nedgang frå fjoråret som igjen var berre halvparten av 2012. I tillegg er det nedanfor fella denne hausten fanga ca. 150  for det meste små oppdrettslaks. Erfaringar frå fjoråret viser at me må rekna med at 10 til 15 % kan ha lurt seg forbi fella ved flaum. Fella kollapsa og var ute av drift i ca ei veke under flaumen i slutten av oktober.  

     Det har også i haust vore gytefiskteljing, og resultatet samsvarar godt med det som er registrert i fella. Teljinga vart gjennomført etter flaumen.Tala viser 531 villaks, 430 sjøaure og 24 oppdrettslaks. Tilsvarande tal frå i fjor viser 881 villaks, 621 sjøaure og 58 oppdrettslaks.  I gytefiskteljinga vart det kun sett 16 laksar nedanfor laksefella (sone 1 og 2). 

     Gytebestandsmålet er 1025 kg. holaks. Dette  tilsvarar ca 570-600 villaksar, og bestandsmålet er soleis ikkje oppnådd. Frå og med 2007 til og med 2010 vart heller ikkje bestandsmålet nådd , og det er desse årsklassane som skulle gi grunnlaget for tilbakevandring og fiske i år og til neste år.

      Rådgivende Biologer har gjennomført feltundersøking i elva etter flaumen for mellom anna  å lage ny rapport om ungfisktelling. Forrige undersøking var i 2008. Foreløpige summeringar viser at det er bra med yngel , og positivt at det er registrert lakseyngel i øvre delen av Fretteelva der me tidlegare har planta øyerogn.

 

Arbeidet med revisjon av driftsplanen  er i rute og vert sendt til fagrådet for uttale tidleg på nyåret.

For tida arbeidar me med innsamling av opplysningar som skal gi grunnlag for ein prognose for tilbakevandring og grunnlag for ei avgjer om opning for fiske eller ikkje neste sesong.

Til slutt vil me retta ei stor takk til alle som har vorte med på stamfiske, stryking og vakter på klekkeriet, og likeins til dei som har vore med på utfisket og jobbing på fiskefella o.s.v.

 

                 Etne Klekkeri                                    Etne Elveigarlag

           Steinar Grindheim                                 Vidar Børretzen

 

 

Nyheter 3. oktober 2014

Stamfiske Etne Klekkeri 2014

På vegne av Etne klekkeri inviterer me fiskarar til å vera med på stamfiske lørdag 11. oktober kl. 10.00. Frammøte på klekkeriet til ei lita orientering og organisering av fiskelag.

 

Også iår ynskjer Genbanken genmateriale frå 5 -10 familiar av laks frå Etneelva i 2014. Genmaterialet vert lagt inn på Haukvik i Sør-Trøndelag og alt me har levert til Eidfjord dei siste åra er flytta dit. I tillegg ynskjer dei melke frå 10 sjøaurehannar til eit prosjekt kalla «Sædbank for sjøørret i Hardangerfjorden» Dei ynskjer melke frå 50 hannar fanga over 4-5 år med minst 10 kvart år.

Skjellmateriale frå stamfisket skal inngå i den nasjonale overvakinga av andel rømt oppdrettsfisk i fiskebestandane som er eit samarbeid mellom HI, NINA, UNIresearch, Rådgivende Biologer og Vwterinærinstituttet. Dei ynskjer skjellprøve frå minst 35 laks, difor må me ta skjellprøve av alt som vert fanga, så ta med tang til dette.  Dette vert og ein kontroll på om all fisk er fanga i fella.

Det er og kome spørsmål HI om genmateriale frå 2 laksehoer og 8-10 hannar men dette kan takast fra same fiskane som skal til Genbanken. Dette må avklarast mermare.

Steinar

 

 

Nyheter 29. august 2014

Etne Elveeigarlag har sendt ut brev til elveeigarane om stoda i Etne. De finn brevet på denne linken Bildearkiv/2014/Informasjon til elveigarane aug.-14.pdf

 

Steinar.

 

 

Nyheter 30. juni 2014 fra Etne Elveeigarlag

 

Fisketeljaren i Håfoss. 

Teljaren er no på plass og det er allerede registrert ca. 20 passeringar.

Dei fleste er mindre fisk , men også nokre store laksar. Det er planar om å oppgradera programvara for å få meir og bedre data.

 

Ekstra evaluering av fiskesesongen.

Miljødirektoratet som har ansvaret for den nasjonale villaksforvaltninga er uroa over situasjonen for villaksen og har bede om ein ekstra evaluering av fisket i ein del utvalde elvar pr. 29.6.

Direktoratet har allerede pålagt restriksjonar på fisket i elvane på Møre og i Trøndelag som m.a. går på redusert fisketid og gjennutsetting av hofisk.

Evalueringa vil gi grunnlag for  kva tiltak som kan verta aktuellt å gjennomføra i elvane i nordnorge og sør for Stadt.

Fiskefella i Etneelva gir oss heilt presise tal for tilbakevandringa til elva i fjor og i år, og tala hittil i år er dramatisk låge i høve til i fjor.

I tillegg må me merka oss at fjoråret var eit svært svakt år med eit fangstresultat på berre halvparten av gjennomsnittet for dei siste 18 åra.

Hittil i år (29.6.) er det registrert  81 villaks, 151 sjøaure og 8 oppdrettslaks.

Tilsvarande i fjor var                     282 villaks, 252 sjøaure og 5 oppdrettslaks.

Sjølv om det kan stå nokre titals laksar nedom fella og i fjorden som ventar på auka vassføring, vil det ikkje endra på heilhetsbildet. Ein aukande mengde rømingar og historisk høge tal på lakselus gir oss grunn til bekymring for villfisken i åra som kjem.

Tala bekreftar det me frykta og at det var rett å ikkje opna for fiske.

Antall fisk fordelt på veke og størrelse i år og ifjor er slik:

Veke Smålaks Mellomlaks Storlaks
2014 2013 2014 2013 2014 2013
22 0 0 3 16 2 7
23 1 1 5 11 2 4
24 2 1 33 13 9 7
25 0 16 0 51 1 13
26 2 25 3 77 2 28
sum 5 43 44 168 16 59

 Vidar Børretzen

 

Nyheter 27. juni  2014

Som kjent vart Etneelva stengd dette året, her er informasjonsskrivet  som Etne Elveeigarlag sendte ut som bakgrunn  for vedtaket. Etneelva Stengd

Som De og ser oppdaterer me om kva laks som passerer fella. Pr 24.juni var det kun 74 laks som passerte mot 232 på same tid ifjor. Det er og 50 ferre sjøaurar som har passert. Om det skuldast det flotte været utan nedbør dei siste vekene som gjer dårleg oppgang vil dei neste vekene vise.

Steinar

Nyheter 24. februar  2014

18. februar hadde Etne Elveeigarlag årsmøte og  det vart vedtatt å opna for fiske 15. juli dersom det viser seg at det er eit høstbart overskot med laks i elva. Fagrådet for elva hadde gått inn for stenging denne sommaren.   Ut fra dette vil det ikkje verta forhåndssalg av fiske, me vil vente å sjå korleis oppgangen i elva vert.

Klekkeriet: I haust leverte me 10 familiar med rogn av Etnelaks til Havforskningsinstituttet sin stasjon på Matre som dei skulle ha til forsøk.   4. februar fekk me tilbake 35000 rogn av dette som vart planta på Frette. Det vart og levert materiale av desse 10 familiane til Genbanken på Haukvik.

Steinar

Nyheter 16.oktober  2013

Stamfiske   Etne Klekkeri.

Me treng hjelp av fiskarar til å ta ut stamlaks til klekkeriet. Me har allerede fått inn 8 laks fra laksefella, men da det ser ut til at det er lite vill laks som kjem der nå ynskjer me å prøve å ta dei ut i elva av fiskarar. For dei som vil delta må dei møte på klekkeriet lørdag 19.oktober kl 10.00 så vil me avtale nermare med fiskelag, kor De går og får med Dykk kipnett.

Steinar

Nyheter 25.juli  2013

Ekstraordinert åremøte i Etne Elveeigarlag  den 22. juli, opprettholdt tilrådinga fra  Fagrådet for Etnevassdraget og styra i Etne Elveeigarlag og Sørelva Elveeigarlag om å fortsetja fisket i elva som planlagd fram til 15. august, men oppfordrar fiskarane til å setje ut att holaks over 80 cm fra 1. august.

Steinar

Nyheter 20.juli  2013

Fagrådet og elveeigarlaga hadde møte tirsdag 16.juli og vart einige om å tilrå for ekstraordinært årsmøte i elveeigarlaget mandag 22.juli å oppfordre fiskarane om å setje utatt all holaks over 80 cm (ca 5kg)  fra 1. august, .   Dette er basert på berekningar som viser at gytemålet vert oppnådd, men for å vera sikker på dette vert oppnådd kjem dei med forslaget.

Den siste veka kom regnet og med det, stor oppgang av laks.  Dei siste 5 dagane har det komt 265 laks på elva, så det vil jo gjere evt vedtak på mandag lettare. Det var og ein laks på 17 kg og 113 cm som passerte fella. Ikkje ofte det vert landa slike fiskar i Etneelva, trur det var i 1997 at det vart fanga ein på ca 17 kg i sone 25 og  i 2002 fanga R. Risan ein på 15kg og 115 cm.  

På tirsdag var det registrert 82 passeringar i tellaren i laksetrappa i Håfoss.

Steinar.

Nyheter 2.juli  2013

Har  vert ein skuffande start på fisket i elva til nå, da det kun vart fanga ca 135 laks i elva i juni mot ca 330 laks ifjor.  Laksefella viser også at det ikkje har vandra opp så mykje laks hittil. Me får håpe dette er årleg variasjon og at det kjem mykje laks dei neste vekene, men slik det ser ut bør  fiskarane starte nå med å setje utatt all holaksen. Ca 15. juli må Elveeigarlaget foreta ein midtsommarevaluering for evt å starte med tiltak for å sikre gytebestandsmålet, og da vil evt mildaste tiltaket vera å setje utatt holaksen.  

Fekk og føljande melding fra Vidar 30.juni:

LAKSETRAPPA FUNGERER OG TELJAREN ER PÅ PLASS.
Etter utbetringa av laksetrappa sist vinter, var det spennande å sjå om fisken vil gå opp trappa som før. Trappa fungerer og det er registrert oppgang av både aure og laks.
I forrige veke vart teljaren montert øverst i trappa , og hittil er det registrert 10 passeringar. Truleg gjekk det eit fåtal fisk forbi i dagane før monteringa.

Steinar

Nyheter 22. juni 2013

I natt vart det fart på fisken i elva etter at det regna godt igår ettermiddag og elva vart farga. Det vart fanga 80 fisk i fella, der vel halvparten var aure. Så det vart ein hektisk kveld på dei som registrerer og merkjer fisken, dei holdt på til kl 2.00 inatt og tidleg oppe idag.  Ellers vert det no fanga nokre laks kvar dag i elva, vil koma med  oppdatering på laksebørsen seinare idag.

 

Steinar

Nyheter 17. juni 2013

I dag er det gjordt ein viktig endring på fiskefella ved at ein seksjon er bytta ut og innløpet til fangstburet er forbedra slik at fisken no bedre kan passera inn mot buret på liten vassføring.
Sjølve kalven i buret er også utbetra slik at fisken vert hindra i å kunna snu og gå ut. I dag passerte 7 villaks og 3 sjøaure fiskefella. Hittil har 82 villaks og 65 sjøaure passert fella.





Steinar

 

Nyheter 16. juni 2013

Sida til Etne Laks har desverre vert ute av drift i helga,  antakeleg dei 2 dagane i året flest er inne på sida. Det var på serveren det var feil så eg kunne ikkje gjere noko med det.

Det har ikkje vert så stor oppgang med laks i Etneelva enda, og det viste igjen i fangstane på åpningsfisket i helga. Årets første laks fekk Alf Tore Myking  i sone 10, og  Ellen Marie Hagevik  fekk største laks på 11,4kg.  De kan lesa meir i Haugesunds Avis  I artikkelen er det  verd å merkja seg  at det ikkje er noko opphoping av laks nedanfor fella og at fisken bit på rett etter at han er sleppt or fella. Var visstnok ein fiskar som fekk ein laks kun 30 minuttar etter at han var sleppt.  

Me vil prøve å leggje ut fangstane på  laksebørsen der kvar enkelt laks vert notert, og  å leggje ut kor mange laksar som har passert laksefella.

I vinter vart laksetrappene i Håfoss reparert og lørdag kveld vart det og montert lakseteljar med videokamera i laksetrappene i Håfoss slik at me får vite kor mange som går opp fossen.  Legg ut nokre bilder fra dette.

Laksetrappene Lakseteljaren

     

  Steinar

Nyheter 14. juni 2013

Det har vert stor spenning knytt til lakseoppgangen iår da me for første gang skulle få vite kor mange  og kva tid laksen gjekk på elva.  Det er  fanga 61 laks og 48 sjøaure til torsdag kveld, og ein dykkar seier det står ca 50 laks i sone 2 (nedanfor fella).   Men det er usikkert kor mykje laks som har passert da det siste veka er sett 6 laksar som har hoppa over fella, og kring 20 mai kunne laksen gå fritt opp i elva når det var flaum. (Sjå bilde i nyhet 19. mai).  Me går ut fra at når me har sett 6 som hoppar over fella er det mange som gjer det.

Det vert og snakka om sein oppvandring iår men er usikker på om dette er noko seinare enn ifjor. Fra 15. juni til 17 juni ifjor vart det fanga over 150 laks og det var mykje lus på desse. Det tyder på at dei ikkje gjekk på elva før kring 15. juni så me må venta litt før me kan sei noko om oppvandringa iår er sein eller ikkje. 

Fella har ikkje fungert tilfredsstillande denne veka, etter at vannstanden vart for låg. Men ikveld gjekk  mange laksar i fella etter at vannstanden auka, så det er god tru på at fleire er i fella imorgon. Men det er varsla lite nedbør dei neste dagane så problemet med liten vannstand kjem att. Det vil derfor bli gjort endringar på fella for å få den til å fungere, og det kan også verta ei løysing å åpne fella for å sleppe opp  laks som samlar seg nedanfor fella.

Steinar

 

Nyheter 19.mai  2013

Har nå lagt ut liste over ledige døgn. Som det ser minkar det på ledige døgn, men er no fortsatt eindel igjen. 

18 mai vart første villaksen fanga i laksefella, saman med ein sjøaure.  Og idag 19.mai var det ein holaks i fella på ca 11 kg. Så den store oppgangen er det ikkje enda, eller passerer laksen fella utan å bli fanga? Det har  vert stor vannføring, og muligheter for villaksen til å passere fella utan å bli fanga. Særleg idag da det var ei vannføring på 60m3/sek. Samtidig er det og store mengder elvestøing som har passert fella på vei ut i sjøen, seinast igår vart det sett mange.    

    

Bilda viser T E Holmedal med laksen på 11 kg, og korleis fella såg ut idag

Steinar

Nyheter 2. mars  2013

Etter at årsmøtet i Etne Elveeigarlag slutta seg til forslaget om ei fisketid fra 15. juni til 15. august vert dette fisketida i Etneelva i sommar.  Gerd har dermed starta med å fylle ut bookinglista i sommar med innkomne søknadar om fiske til sommaren.

Fiskefelle.   Det vert jobba aktivt med å finne plaassering for fiskefella der oppdrettslaksen skal bli skilt ut, og parallelt med dette vert det jobba med å setje saman vaktlag til å drifte denne.  For å få til dette har Fellesstyret v/V. Børretzen sendt ut invitasjon der medlemar fra EE og EJFF som ynskjer å delta i dette må melde seg. Sjå brevet her.

Klekkeri.   Me har levert rogn til Havforskningsinstituttet sin forskningsstasjon på Matre i Masfjorden igår 1. mars, og resten vert planta i Fretteelva 2. mars etter at 400 fra kvar falilie ligg att i sylinderane på klekkeriet for å bli klekka fram til yngel. Dette avdi Genbanken ikkje kunne ta imot rogn nå og ville ha muligheten for å kunne overføre materiale fra Etne seninare i vår.    Det var litt for mykje rogn som daua denne sesongen men det ser ut til at årsaka er ein dårleg hann som vart brukt på 2 hoer.

Steinar.

Nyheter 24.oktober  2012

I 2012 vart det fanga 838 laks på tilsammen 3797 kg i Etneelva, av desse vart 49 (147kg) satt ut igjen, totalt 3649 kg laks som vart avliva  Dat vart og fanga 170stk (220 kg) sjøaure, der 21stk (27kg) vart avliva. Laksen fordeler seg på 219 smålaks, 493 mellomlaks og 126 storlaks. Sjå meir i PDF fil  

Det har nå pågått utfiske etter rømd oppdrettslaks og det er fanga ca 150 til nå. Men dykkarane fra UniMiljø registrerte 150 oppdrettslaks til i elva så det er stadig fiskarar i elva for å prøve å få dei vekk. Ellers er me og igang med stamfiske og har nesten fått inn det me skal ha i klekkeriet.

Det har og vert gytefiskteljing i elva og dette viste at oppgangen var omtrent den samme som ifjor, ca 2200 laks, så det står over det doble av gytebestandsmålet i elva nå. Når det gjeld sjøaure var det noko meir enn ifjor, men knapt halvparten med blenkjer(gjelfisk av sjøaure).   I 2011 vart talt 687 sjøaure og ca 1800 blenkjer .

Når dykkarane fra UniMiljø var i elva såg dei 5 laksar på ca 20 kg og ein på kansje 25 kg, så det er storlaks i elva. Under utfisket fekk Sveinung Lien ein  holaks på 19 kg som han satte utatt i elva. Sjå bilde

 

Steinar

 

Nyheter 19.august  2012

Laksebørsen enda med ein fangst på  790 laks på tilsammen 3637 kg, av dette vart 57 laks 195 kg  satt tilbake i elva. Vil minna om at dette ikkje er endelege tal, i både 2008 og 2009 vart vel 80% av endeleg fangst rapportert til laksebørsen. Reknar med at offisielle tal er klare i slutten av september.

Det var eit godt resultat, men det er fanga for lite smålaks iår. Dette kan vera ein indikator på mindre laks dei komande åra. Den gode oppvandringa dei 2 siste åra er antakeleg fra ein stor gytebestand i 2006, medan gytebestanden er omlag halvparten dei etterføljande åra fram til 2010. Det har og vore registrert mykje lakselus i tida smolten vandrar ut som og  gir negative signaler for komande år. Sjå Havforskningsinstituttet rapport  Det positive er at havbeitet har vore godt dei siste åra, så me kan håpe på gode år sjølv om eg ikkje har tru på dette.

Steinar.  

 

Nyheter 12.august  2012

Kun nokre få dagar igjen av ein god sesong, men nå er det så lite vatn i elva at me har stengd for fiske under Torefoss (sone 21).  Planen er at me må finne kva for vannstand me skal gjere dette. Foreløpig har me kome fram til at når det er under  6 m3/sek. må me stengje men dette er ikkje endeleg fastsatt. Men held oss til det nå. 

Steinar  

Nyheter 17.juli  2012

Har vert ein  god sesong hittil med ein fangst på over 2500kg  Har no vore ein pålagd midtsesongevaluering og

Konklusjonen etter evalueringsmøtet mandag er at situasjonen er så bra at det ikkje er nødvendig å setja i verk tiltak for å sikra tilstrekkelig gytebestand, eller å gjera endringar i fiskereglane. Grunnlaget for vurderinga er ma. fangstresultat samanhalde med erfaringstal og føresetnader innarbeid i rekneark med tre alternativ : tidlig , middels eller sein oppgang. Alle tre svaralternativa viser god margin på gytebestandsmålet, skriv V.Børretzen, form. i Etne Elveeigarlag i ein mail. Det var og dykkarar i elva, men pga stor vassføring var det vanskeleg å få til ei teljing. Men dei såg bra med fisk i dei sonane dei dykka i, og lite oppdrettslaks.

 

Steinar

 

Nyheter 15.juni  2012

Kl. 22.00

 

Har vert ein svært god åpning på fisket i elva. Til nå er det komt 53 laksar på laksebørsen, den største på 10,8 kg. Så eg undrar korleis det hadde sett ut utan fangstbegrensing.   Har ikkje fått lista på mail enda, den kjem på nett så snart eg har ho. 

Ellers hadde Grannar ein artikkel om åpninga, og Haugesunds Avis ein bildeserie fra opninga.

kl. 1.30

Kjempestart på fisket i elva, etter ein time fekk eg melding om 7 laksar på land. Den første trur eg det var Ragnhild Risan (bildet) som fekk i sone 16, han beit på etter 1 minutt og 25sek. Ho brukte 5-10 min på å få han på land. Det var ein laks på 4,9 kg. Eg fekk melding om laksar på land i sone 7, 11,16, 17,19, 21 og 22.

 

Steinar

Nyheter 12.juni 2012

Sida har vert uta av drift ca ein mnd nå. Dette skuldast at serveren gjekk over til Windows 8 og da kunne eg ikkje nytta programvara som eg hadde brukt tidlegare. Måtte difor lage heile sida på nytt som tar mykje tid. Difor er ikkje alt tilbake enda men vil kome etter kvart.

Nå er det berre få dagar igjen til fiskestart, og forventningane er store etter at det er observert mykje mellom- og storlaks i elva. Dei seiest bla. at det var 40 laksar i Fiskehusen på ein gang for ei veke sidan.

Nytt er det og at oppdrettsnæringa vil betale kr. 500,- for kvar rømd oppdrettslaks som vert fanga i elva. Her må fiskaren levere inn skjellprøve og fettfinne, dette får De hjelp til på Etne Camping.

Steinar.

Nyheter 18. april 2012

Er nå endeleg vedtatt av DN at Etneelva vert opna fra 15. juni til 15. august. Bookinga av fisket er godt igang og dei første fakturaane vert sendt ut i desse dagar. 

Etne Elveeigarlag har freda sjøauren, satt ein kvote på 1 laks pr.stang pr. døgn og også sagt at ein ikkje skal nytta "fang og slipp". Sjå fiskereglane her  Me har og tatt bort depositumet, og håpar alle allikevel leverer fangstrapportane. 

Steinar

Nyheter 26. januar 2012

På årsmøtet i Etne Elveeigarlag vart det vedtatt å støtte forslaget fra DN om å opne elva for fiske i sommar i tida 15. juni til 15. august  Endeleg avgjerd vert tatt av DN i slutten av Februar, men me antar det vert slik. I tillegg vart det vedtatt å innføre ein døgnkvote på ein laks pr. stang pr. sone, og at døgnet varer fra kl. 18.00 til 17.00 neste dag. Sjøauren vert  freda.  Grunneigarane på sonane 4,5,6,7,8 og 9 har i tillegg vedtatt at det blir forbudt å fiske med mark der. Om det er fleire som innfører dette veit eg ikkje enda. 

Jobbar nå med å få på plass bookinglista, Etne Laks vil bla. selje sone 21 (Torefoss) iår.  Har du ynskjer kan du sende mail til Gerd på Etne Camping, så ser du kva ho får til.   

Steinar.

Nyheter 10. desember 2011

Det var bra  laks med laks i elva i sommar, og gytefiskteljinga viste at det var 2141 villlaks, 123 oppdrettslaks, 687 sjøaure og ca 1800 blenkjer (gjelfisk av sjøaure).  Dette er omtrent som det var i 2006, da oppgangen var ca 1980 laks (gytefiskteljing + fangstar) og antar det er som eit normalår. Det har sett ut til å vera lite smålaks i elva, men me har ikkje fått tal på dette fra teljarane. De kan lese meir i:  Haugesunds Avis. 

På klekkeriet går det bra så langt.  Det var særs enkelt å få tak i stamlaks iår, og me har lagt inn 13 familiar villaks, ca 80000 rognkorn. Hovedgrunnen til dette er å få inn fleire familiar i Levande Genbank i Eidfjord.  Havforskningsinstituttet vil og kjøpe noko rogn, og resten, antar 50-60000 vil bli planta i Etnevassdraget, mesteparten på Frette. 

DN har lagt ut forslag til nye fisketider på si heimaside, https://www.dirnat.no/horinger/regulering-fiske-elv-og-sjo-2012/.  Forslaget er at Etneelva vert opna for fiske i tida fra 15. juni til 15. august. Sjå og artikkel i HA ovanfor. 

Steinar

Nyheter 6. august 2011

Torsdag var det 2 dykkarar i elva, og dei såg mykje mellom- og storlaks i enkelte hølar,  men det var lite smålaks. Mykje av laksen stod i djuphølar og mest i øvre halvdel av elva, feks trur dei det var 50-60 stk i Djupingen (sone 22) Dei siste vekene har me og sett mykje laks som har passert Håfoss, har vore 10-20 laks i sone 25 nesten kvar deg dei siste 3-4 vekene.  Men det var bekymringsfult for komande år at det var svært lite smålaks i elva.  Har berre fått muntleg rapport så kjem tilbake med meir når eg får fleire opplysingar.  

Etne Elveeigarlag sendte ut ei orientering om stoda for vel ei veke sidan som De finn her

Steinar

Nyheter 25.mars 2011

Etneelva også stengd i 2011.

Etne Elveeigarlag vedtok på årsmøtet i går kveld på stengja elva denne sesongen og. Det er forventa noko større innsig av laks til sommaren men ikkje meir enn at me kansje oppnår gytebestandsmål.  Sjå meir i Grannar

Sesongen er og avslutta på klekkeriet. Me har levert  78600 rognkorn  til Guddalsprosjektet (1/3 av kvar gruppe,  oppdrett,  oppdrett/villaks og villaks), 39200 rognkorn til Matre i Masfjorden (også ca 1/3 av kvar gruppe),  4500 rogn villaks(9 familiar) til Genbanken i Eidfjord og 18000 rognkorn med villaks vart planta i Etneelva. Klekkinga gjekk svært bra i vinter, kun 4,1% daude rogn mot 16,7% ifjor. 

Steinar

 

Nyheter 1. februar 2011

Får stadig spørsmål om det vert fiske i Etneelva til sommaren. Dette vil bli avgjordt på årsmøtet til Etne Elveeigarlag som eg antar blir i månadsskiftet feb/mars. 

Det vart vedtatt ei opningsforsskrift av Fylkesmannen i feb 2010 som gjeld for 5 år, og der vart det opna for fiske i Etne. I etterkant av at EE stengde elva i 2010 vedtok Fylkesmannen at heile Etnevassdraget vart stengd i 2010. Det er nå ei endringsforskrift på høyring, men det er ikkje forslått endring i Etne, slik at det vil vera forskrifta fra feb 2010 som gjeld for Etneelva fram til 2014 forutsatt at det ikkje vert endra etter høyringa. Difor er det opp til elveeigarane å avgjere om det vert fiske eller ikkje. 

Les meir om endringsforskrift på høyring på linken : http://www.dirnat.no/content/500041209/

Steinar

Nyheter 22. november 2010

Atter ein sesong går mot slutten, og på tide med oppsummering. Som kjent ikkje opna for fiske, men eit stort arbeid med å ta ut oppdretten i elva. Til nå er det tatt ut ca 350 oppdrettslaks i elva og 300 i kilenøter i fjorden. Men gytefiskteljinga viste at det fortsatt var 260 oppdrett igjen i elva, og nye kjem stadig inn. Men nå har antakeleg mesteparten av villfisken gytt, så da gjer dei ikkje så stor skade i elva. Men hadde vore greitt og fått dei vekk. 

Gytefiskteljinga viste at det var ca 500 villaks i elva, ca 350 sjøaure og ca. 260 oppdett. Av dei 500 villaksane var det ca 300 tert, mesteparten av dei var hannar meinte dykkarane. Les meir om dette i Grannar   Slik eg tolkar desse tala gir det ein gytebestand  på 600-700 kg holaks, medan gytebestandsmålet er 1025 kg holaks.  Så det var heilt rett/nødvendig å stengje elva. 

Også iår klekkar me rogn til Genbanken og Guddalsprosjektet. De kan lese meir om Guddalsprosjektet her.  Me strauk laksen 16. november. Det vart lagt inn 9 familiar villaks, 10 familiar kryssing oppdrett/villaks og 10 familiar oppdrett.  Desse vert klekka fram til øyerogn og vert deretter planta i Guddalselva. Overskytande villfiskrogn  plantar me i Etneelva.  

Ser det og som svært viktig å få villfisk inn i Genbanken før det er for seint. Fryktar at det vil bli innblanda oppdrettsgener i villfisken, og da er det antakeleg einaste redninga  å få tilbakeført Etnelaks fra Genbanken slik dei nå prøver i Vosso.  Det er oppretta DNAprofilar på Etnelaksen fra 70 talet, og i rapport fra 2007 var det ikkje innblanding i Etnelaksen da, men forstod det slik at  denne testen var basert på skjellprøvar fra 1998. Les rapporten   HER  Me har ikkje fått resultata av gentestar av dei me leverte til Genbanken i vår. 

 

Det er og foreslått Strakstiltak for Hardangerfjorden (finn link til rapport nederst på sida) for å redde laksen i påvente av varige løysingar. I desse tiltaka inngår det fiskesperre i Etneelva, slik at all fisk som går opp i elva vert fanga og sortert, villfisk slept vidare og oppdretten slått ihjel. Les meir Her  Desse strakstiltaka ser me som heilt nødvendige, men viktig å hugse at dette er i påvente av varige løysingar. 

Dei 2 siste vekene  har det og vore registrert mykje gjellelus på fiskane (dvs. at etter at me vart opmerksame på dei har det vore på alle fiskane eg har sett). I ein beskrivelse eg har vert det sagt : "ein hoppekreps som angriper voksen laks i ferskvatn. Gjellelusa overlever når fisken vandrar ut i havet, men utviklar eggstrenger først når den har fulgt laksen tilbake til ferskvatn. Fleirgangsgyterar kan vera sterkt infisert av gjellelus."    

Den store utfordringa er å få bukt med rømlingar og lakselus skal me klare å redde Etnelaksen/laksestammene. Dette er ikkje  løyst før oppdrettslaksen er komt inn i lukka anlegg.  For å få til dette er det nødvendig at så mange som mulig pressar på for å få politikarane til å stille krav til oppdrettsnæringa. Difor har eg betalt mi "kultiveringsavgift" til Norges Miljøvernforbund v/Kurt Oddekalv dette året. 

I utfisket etter rømd oppdrettslaks i haust fekk T. E. Holmedal ein laks i sone 7 som var 140cm lang, 65cm høg men nokså smal. Me antar at denne vog  25-28 kg. Dette er antakeleg den største fisken som er registrert i Etneelva siste 50 år. 

Steinar.    

Nyheter 15. september 2010

Alt tyder på at det var rett å stenja elva i sommar. Det har vore dykkarar i elva 2 gonger i sommar, og slik det ser ut oppnår me antakeleg ca. halve gytebestandsmålet på 1025kg Holaks,  250 stk a. 4,4 kg som var gjennomsnittsvekt i fjor sommar.  Det vil vera ei teljing utførd ab Uni miljø, v/B. Barlaup seinare i haust. Da veit me meir om dette. Les meir om stoda i Etneelva  i  Grannar  

Steinar

 

Nyheter 16. juni 2010

Orientering til elveigarane og fiskeinteresserte.

For første gang vart det i år stopp i ein over hundreårig sportsfisketradisjon og ein enno lenger tradisjon for grunneigaren til å fiske laks i elva til eige hushald.  

Til no er 120 elvar stengde, dei fleste på Vestlandet. Årsakene er klare, verknaden av rømd oppdrettslaks og ein stadig aukande mengde lakselus er no i ferd med å utrydda dei siste stammene av villaks og sjøaure.  

Dei to siste åra har me ikkje klart å nå gytebestandsmålet for vår elv, og prognosane for årets tilbakevandring av laks var så dårlege at årsmøtet med overveldande fleirtall bestemde at det ikkje vert opna for fiske i år. Sørelva er også stengd, og Fylkesmannen har no i ettertid nærast av formelle grunnar bekrefta stenginga.

  I desse dagar vert det sett opp skilt med tekst ” Fiske forbudt ” langs elva frå Vassenden til Fitja. Grunneigarane vert oppmoda om å ha tilsyn med elva for å hindra ulovleg fiske.

  Styret i elveigarlaget jobbar gjennom fleire kanalar for å få myndighetene på banen i ein freistnad  på å sikra og bygga opp att Etnelaksen gjennom finansiering av aktuelle tiltak. Det vert jobba mot ulike forvaltingsnivå både sentralt og regionalt , men dette er ein lang og kronglete veg å gå , og det tek tid.  

Det foregår også i år ein del forskingsaktivitet i elv og fjord.

 Det er enno ikkje avklart om det denne sommaren vert kilenotfiske etter rømd oppdrettslaks på Børkjenes. 

 I Etnefjorden vert det i tre periodar fiska med trål, garn og oter etter sjøaure og laksesmolt for å registrera mengda av lakselus . I den første perioden vart det i Etnefjorden registrert om lag samme mengde som  tilsvarande periode i fjor , medan det i midtre Hardangerfjorden var registrert langt høgare tall. Neste fiske/telleperiode er uke 25 og då rekna ein med ein sterk auke i antall lakselus. Denne tellinga går i regi av Havforskingsinstituttet.

  Også i år reknar me med å levera materiale av Etnelaks til det sokalla Guddalsprosjektet som er ein del av eit forskningsposjekt for heile Hardangerfjordsystemet , kalla Epigraph, organisert av Havforskinga.. I tillegg til å betala oss kr. 100.000.- for materialet ,har dei også teke kostnaden med opprusting og drift av klekkeriet med ca. kr. 150.000.-  

Av det samme materialet skal me også i år levera til den levande Genbanken i Eidfjord., og overskotet etter desse leveransane vert sett ut i elva vår som plommesekkyngel. Genbank delen vert finansiert av Direktoratet for naturforvalting.

  I 2008 vart det gjennomført ei ungfisktelling, og ei slik telling er viktig for å danna seg eit bilde av situasjonen i elva. Registreringa vart utført av Rådgivende Biologer, og betalt av Epiraaph. Me har eit håp om at det denne hausten / vinteren kan gjennomførast ei slik telling.

Også til hausten vert det gytefisktelling utført av Unifob v/ Bjørn Barlaup ,Universitet i Bergen. Dette vert finansiert av Direktoratet som ei følge av vår status som nasjonalt laksevassdrag.

  Utfiske av rømd oppdrettslaks må vidareførast med minst like stor intensitet også denne hausten. Ein del kan samordnast med bruk av froskemenn i samband med stamfiske , gytefisktelling og ungfisktelling.

 Me har eit ynskje om å få lagt eit kurs til Etne i sommar for opplæring av lokale froskemenn  som  kan vera med å plukka ut rømlingar. Dette vil me komma attende til når det vert ei avklaring på om me får eit slikt kurs eller om me må reisa til ein annan stad.

  Situasjonen for villfisken er no så alvårleg at  Fiskeridirektøren har teke initiativet til eit nasjonalt Pilotprosjekt for Hardangerfjorden. I beskrivelsen av prosjektet er Etneelva sentral. Av konkrete tiltak vert nemd ei fiskefelle i osen for utsortering av oppvandrande rømlingar og fanging av utvandrande smolt for evt. medisinering mot lakselus. Videre vert det peika på dei store resursar som allerede finst, og tek til orde for videre kultivering og utviding av klekkeriet. Eit arbeidsutval med representantar frå forskning og forvalting er etablert , og det vert no jobba med mandat og prioritering av oppgaver.  

Etne Kommune var sentral i arbeidet med å gi støtte til prosjektet frå dei seks kommunane i indre del av fylket. Vidare er det teke initiativ for å få møta fiskeri og kystministeren  i håp om støtte til prosjektet.

Av andre tiltak som det vert jobba med er å få på plass eit tellesystem gjerne i kombinasjon med video overvaking på for eksempel tre stader i elva.   

Alle tiltaka og aktivitetar i elva som her er nemde må godkjennast av Fylkesmannen som stiller ei rekje krav, m.a. løyve frå grunneigar. Me tek sikte på å gjennomføra tiltaka som i fjor, og ber med dette om grunneigar sin tilatelse til slik aktivitet. Dersom nokon har merknader eller vil motsetja seg slik aktivitet på sin eigedom ,vert beden om å ta kontakt med formannen innan  1. juli.

  Me må truleg belaga oss på at elva vert stengd også neste sesong, men dette er for tidleg å seia noko om enno. Me må  lytta til faglege råd og så må me nytta tida godt og jobba for å få laksestamma  i ein slik stand at det på ny kan opnast for fiske. Største problemet er knytta til overleving i sjøfasen.  

 

I mellomtida kan det vera nyttig å tenkja gjennom andre sider ved vår virksomhet,som t.d.

-  har me ein tenleg organisasjon

-  er me flinke nok til å samarbeida , er me villig til å engasjera oss

-  organiserer me  utleige på ein optimal måte

-  treng me ein felles dataportal

-  skal me organisera og gjennomføra ei felles booking ordning  for heile elva

-  me må heva standarden langs elva med omsyn til rydding, tilkomst ,fiskebuer og tilrettelegging slik at produktet vert langt meir tltalande.

Sjølv om det no vert ein pause så ikkje la det ”gro over”.

  Me må ha trua på ei framtid for Etnelaksen , men uansett vert det eit skille ” før og etter stoppen”

  Ha ein fin sommar sjølv utan laksefiske.

Etne, 14.6.-10.   

Etne Elveigarlag

Vidar Børretzen

Form.

 

Nyheter 15. mai 2010

Forbud mot fiske etter laks på moloen på Tongane, Stordalsvatnet og Litledalsvatnet i 2010.  

Fylkesmannen har gjordt vedtak om  stopp i fiske etter laks i heile Etnevassdraget i 2010. Dette inneber at at det er heilt forbudt å fiske i 100 metersona utafor elva og 100 metersona ovanfor elva, og dersom nokon får laks i Stordalsvatnet eller Litledalsvatnet må dei straks setjast tilbake i vatnet. Sjå vedtaket her.   Det er lovleg å fiske etter innlandsfisk i begge vatna etter gjeldande reglar for fiske etter innlandsfisk i innsjøar med anadrom fisk. Sjå reglane her   

Nemner og at det kun er tillatt å fiske med oter i Etnefjorden i tida fra 1.september til 28. februar. 

 

19700 rogn planta i Etneelva

Drifta  på klekkeriet er nå avslutta for vinteren.    Den 18. mars la me resten av villaksrogna ut i elva etter å ha levert det me skulle til diverse forsøk i regi av Havforskningsinstituttet (Guddalsprosjektet og HI sin forsøksstasjon i Matre, Masfjorden) og til Levande Genbank i Eidfjord . Det vart planta vel 19000 øyerogn i sone 22, 23, og 25 etter råd fra LFI-Unifob.  Her er regnskap over korleis rogna er nytta: Regnskap rogn  (Mowi er oppdrettsrogn fra Askøy, og Etne er villaks fra Etneelva). 

 

Steinar

Nyheter 2.mars  2010

Etneelva vert stend i 2010. 

Årsmøtet i Etne Elveeigarlag vedtok å stenge elva for fiske i 2010. De kan lesa meir I Haugesunds Avis :  http://www.h-avis.no/nyheter/stenger-etneelva-1.4550477  

( Etne Elveeigarlag decided that Etne River will bee closed for fisking in 2010). 

Steinar

 

Nyheter 27. junuar 2010

Fylkesmannen foreslo i høyring ei fisketid fra 1. juni til 31. august for Etneelva dei neste 5 åra. Etne Elveeigarlag hadde ingen merknader til dette, men sa at" Innanfor denne ramma ynskjer me lokalt å kunna fastsetja ei kortare fisketid for kvart år dersom det syner seg nødvendig". 15. februar vil Fylkesmannen koma med endeleg forskrift. Deretter vil Etne Elveeigarlag fastsetja fisketida for 2010 på årsmøtet i laget i veke 9. (ca 1. mars). 

Ut fra dette kan me ikkje starte innbooking av fiske før EE har hatt årsmøte. Kva utfallet  vert der vågar eg ikkje å sei noko om. Nokre vil starte fiske 1. juni, evaluere fortløpande og evt stoppe fisket umiddelbart dersom det viser seg nødvendig, nokre vil korte inn sesongen i slutten, andre vil korte inn i begge endar og andre igjen vil frede heile sesongen. Det eg trur er klart er at det blir strengare kvotar. Antakeleg 1 fisk pr. stang i døgnet, og maks grense pr. fiskar pr sesong.   

 (The booking will not start before the first week of march, after the owners of the river (Etne Elveeigarlag) has decided when the fishing will bee allowed this year.) 

Steinar 

Nyheter 6. desember  2009

Fylkesmannen har nå sendt ut forslag på høyring om ny forskrift om fisketider i Hordaland og Etneelva 2010-2014. For Etneelva foreslår han fiske fra 1. juni til 31. august. Høyringsfristen er 20.januar og  endeleg avgjerd vert tatt 15. februar. 

Dette inneber at me ikkje kan starte med innbooking før tidlegast 20. januar, i verste fall ikkje før 15. februar. Kan jo nemna at Hordaland JFF har gått inn for å stengje alle elvane i Hordaland for fiske. Sjå her

Det er nå eit stort press for å få kontroll på lakselusproblemet. I oktober var det 3 ganger så mykje lakselus som i fjor på same tid da det og var høge tal.  Men myndighetene vil ikkje ta grep,  dei stolar på oppdrettsnæringa om at dei skal få kontroll på dette. 

Beste plassen for å følje dette er på Norske Lakseelvar si side. Dei legg ut linkar til det meste som vert skrive. 

 

Copy of etne 16.10-09 1 (146).jpg (190327 byte)

Oppdrettsfisket etter sesongslutt har vore svært nedslåande. Har ikkje tal på dette enda, men trur  det er tatt på land over 300, kansje 400 stk. Her har fiskarane gjordt ein fantastisk jobb, samt at me og har hatt dykkarar fra Havforskningsinstituttet i Bergen som har nytta garn,  sjå bilde fra 16.10 av gjengen som var i sving. 

 

Me har og samla inn stamlaks til klekkeriet, også her er det fiskarar og dykkarar som har gjordt ein god jobb. Den 17. november vart laksane strokne, og rogna innlagd på klekkeriet. Det er lagd inn rogn av 10 villfiskfamiliar, 10 familiar oppdrettslaks og 10 familiar kryssing oppdrett/villfisk. Me skal ha rogna fram til øyerognstadiet.   Av villfiskfamiliane skal det rogn til Levande genbank i Eidfjord for å sikre genmateriale fra Etnelaksen.  Overskytande rogn av villfisken, kryssingane og oppdrettslaksen skal gå til Guddalsprosjektet, sjå omtale i brev utlagd 14. august. 

Steinar

Nyheter 31. oktober  2009

Fangstresultata for Etnevassdraget er nå klare. Desse viste at det vart fanga og avliva 328 laks og 55 sjøaurar.  I tillegg var det 18 laksar og 53 sjøaurar som vart satt tilbake i elva. Det vart tatt på land 1482 kg laks og 75 kg sjøaure.  Sjå ellers sida Statistikk  

Det har og vert gytefiskteljing og denne viste at det var 255 villaks i elva og 120-130 oppdrettslaks. Samtidig med teljinga tok dykkarane og lokale hjelparar ut 23 oppdrett i sone 22 og  23 slik at 100 av oppdrettslaksane dei såg fortsatt er i elva. Tilsaman trur eg  det nå tatt ut mellom 200-250 oppdrettslaks i elva etter 1. sept. Dykkarane fra Havforskinga kjem tilbake neste veke for å forsøke å ta ut meir. wpe2.jpg (49272 byte)

Dersom me samanliknar med ifjor da det vart tald til 494 villlaks vil dei 255 villfiskane tilsei at me endar i nedre kant av gytebestandsmål. 

 

 

--------------------------------------------------------------------------------

Brev fra Hardangefjordlauget  Lauget Etablert Bergens Tidende 5. okt.  Tar ansvar for Villaksen HA  Dette er ikkje godt nok, seier Atle Kambestad til Haugesunds Avis

 

Det vert orienteringsmøte 6 Oktober om situasjonen til villaks og sjøaure i Etne Sjå invitasjon her. 

Idag 1.10 hadde oppdrettsnæringa ein kronikk i Grannar om Etne Elveeigarlag, villaksen og møtet. De kan lesa kronikken på denne linken   Breva det vert vist til i kronikken finn De  på desse linkane: Brev til Fiskeri- og Kystdepartement, Brev fra Fiskeri- og Kystdepartement, og nytt brev til Fiskeri- og kystdepartement

----------------------------------------------------------------------

Interessert i stamfiske og oppdrettsfiske?

då bør du møte opp på
Rodin fredag 2. oktober kl. 1900

Alle som ynskjer å vera med på utfiske av rømd oppdretslaks og stamfisk vert bedne om å møta.

 

 

 

Nyheter 2. september 2009

Så var sesongen over i Etne for iår.  Dersom me antar at 80% av fanga laks er rapportert til laksebørsen endar resultatet på ca. 55% av fjoråret. Dette vert da ca. 45%   i forhold til gjennomsnitt siste 15 år.  

   Sammenliknar me med gjennomsnitt for perioden 1969-2000 endar fangsten i sesongen 2009 på ca 33%. Det er  verd å merkja seg at i dei åra var det i tillegg fiske etter laks i sjøen. Ein rekna at det vart tatt like mykje laks i sjøen som i elva. Nå er det kun elvefisket att, alt fiske etter laks i sjøen er stoppa. 

   Gjennomsnitleg fangst fra 1994-2008 var 800 laks, medan perioden 1969-2000 hadde eit gjennomsnitt på 1079.

 

Om vel 1 mnd vil me ha endeleg fangstresultat, og det vil  bli utført gytefiskteljing. Da vil det vise seg om uttak av laks iår var forsvarleg eller ikkje, og danne eit bedre grunnlag for korleis fisket bør bli til neste år.    

Steinar

Nyheter 29. august 2009

Etneelva stengd fra 1. september.

Ekstraordinert årsmøte i Etne Elveeigarlag gjorde i går kveld endeleg vedtak om å stengje elva fra 1. september kl. 18.00. Årsaka til dette er  små fangstar iår og trur dette er nødvendig for å sikre nok gytebestand i elva. Alle som har kjøpt og betalt fiske i september vil få tilbakebetalt dette. 

  

Som De ser av laksebørsen er det tatt eindel oppdrett siste veka. Les meir om dette i Haugesunds Avis

 

NB! Hugs og å levere inn fangstrapportane til den du har kjøpt kortet av, for det du har fiska i sommar.   

 

Steinar    

Nyheter 14. august 2009

Etneelva stengd fra 1. september. 

Etne elveeigarlag vedtok på møte 13.08.09 å stenge Etneelva for fiske frå og med 1. september.

Vedtaket er i samsvar med einstemmig råd frå Fagrådet. Det blir tatt forbehold om endeleg godkjenning på medlemsmøte i Etne elveigarlag fredag 28.august. Årsaka er at fangsten iår er mykje lågare enn tidlegare år, og trur dette er nødvendig for å sikre nok gytebestand. 

 

Etne Elveeigarlag, v/Vidar Børretzen har sendt brev om situasjonen i Etneelva til  Fiskeri-,  og Miljødepartementet. Brevet finn du i postlista til  Etne kommune

 

Kjøp av fisk fra fiskarane. 

Me ynskjer å kjøpe laks fra fiskarane til Guddalsprosjektet . For desse vert det betalt kr. 1500,- pr. fisk. Me treng 10 holaks og 10 hannlaks. De finn info i skriv om prosjektet på linken: til Fiskarane i Etneelva  Det er utlagd merar i sone 3 og 10. I Sone 23 kan fiskarane setje fisken i karet utafor klekkeriet, Andre får mer eller jutesekk på Etne Camping.  

 

Steinar 

Nyheter 26.juli 2009

 De kan lesa om laksesituasjonen i HA idag på denne linken:  Haugesunds Avis Her er det også link til artikkel om evt. stengjing av elva seinare i sesongen, og der er det link til radiointervju med Formannen i Elvveigarlaget, Vidar Børretzen.  

Steinar

Nyheter 23.juli 2009

Endring i fangstkvotar.

Etter  evaluering av fisket  i midten av sesongen, har Etne elveeigarlag gjordt føljande vedtak:  

"Med verknad frå 1. august 2009 - og for resten av fiskesesongen - vert fiskereglane endra slik at det berre kan fiskast ein fisk pr. stang pr. sone. Hofisk skal setjast ut att i elva. Unntaket er å fylle kvoten av hofisk til Guddalsprosjektet.

Utviklinga dei næraste vekene vil vera avgjerande for om det må setjast inn ytterlegare tiltak som t.d. stenging av elva for resten av sesongen. Det vil også bli vurdert stopp i fiske ved ekstrem låg vassføring. Tilsynet må også skjerpast." 

Bakgrunnen for vedtaket er eit svært dårleg fangstresultat hittil, og me  er bekymra for at det kansje ikkje blir nok gytefisk igjen i elva.  Diagrammet viser fangstar rapportert til "laksebørsen" pr. 20.juli dei siste 6 år (blå søyler). Det er ikkje all laksen som vert rapportert til "børsen", har difor korrigerte søyler med innrapportert prosent av total årsfangst dei ulike år. 

Guddalsprosjektet vil ha 10 familiar med laks (10 hofisk og 10 hanfisk), og desse skal me antakeleg  klekke fram til øyerogn i Etne Klekkeri. Det er i hovedsak meininga at desse fiskane skal me kjøpe av fiskarane slik at det ikkje går av gytebestanden, men vil og få fisk fra ei kilenot på Byrkjenes og evt. hofiskar som fiskarane evt. måtte setje ut att i elva.     

Som De sikkert har registrert har vannstanden i elva auka med regnet det siste veka, og siste døgnet kom det 10 nye laksar på børsen. Så me får håpe at det dårlege fangstresultatet vil  retta seg dei komande vekene, og at årsaka  skuldast at laksen kjem seinare inn i år. 

Steinar

Nyheter 1.juli 2009

I desember var Rådgivende Biologer og undersøkte ungfisktettleiken i Etne- og Fretteelva. Konklusjonen fra rapporten har eg limt inn under, men nemner  at  teljinga fra Frette gav eit elendig resultat. Så det ser ut til at rognutleggjinga på Frette dei 2 siste åra er heilt mislukka. De kan lese meir i rapporten, som De finn på Etne JFF si side

8.3. Konklusjon

Ungfisktettleiken i Etnevassdraget i 2008 var klart lågare enn det ein skulle venta. Dette var særleg

uttalt i Sørelva og i Etneelva nedom samløp, men også i Nordelva var det for låg tettleik. Det er særleg

mangel på 2+ laks som gjev dette avviket, og årsaka er truleg graving i gytegropene under storflaumen

den 15. november 2005. Denne datoen var gjennomsnittleg vassføring 111,5 m³/s ut av Stordalsvatnet,

som var ei vassføring godt over 5-års flaum på 88 m³/s, femtiårsflaum er 145 m³/s. Ved undersøkingane

i desember 2008 var det høg vassføring og relativt vanskelege fisketilhøve i Sørelva, og det er mogeleg

at særleg dei største lakseungane, som gjerne står litt lenger ute i straumen, var underrepresentert i dette

elveavsnittet. I Etneelva og Nordelva var fisketilhøva derimot gode, og den låge tettleiken, særleg i

Etneelva, kan neppe forklarast med metodiske problem.

 

Steinar

Nyheter 27. juni 2009

Forsatt sol og sommar i Etne. Torsdag Fredag forrige veke  fekk me litt regn, og da auka fangstane noko. Det vart og tatt nokre store laksar, bla. fekk Arne Tysvær ein på 13,9 kg. Men siste veka har det vert fint vær og det går igjen på fangsttala. Fiskarane går i elva for å prøve, da dei ser mykje laks, men fisken vil ikkje bite. Vassføringa er og brukbar, grunna snøsmelting, ca 10m3/sek. Ut fra værmeldingar vil det fortsette med sol og opphaldsvær neste veke og. Da fiskarane ser mykje laks i elva og det er sett mange som hoppar i sjøen,  trur me det vil snu når det kjem regn. 

Som De ser på laksebørsen er det tatt langt mindre laks iår enn i fjor og me trur eindel av årsaka er været. Men me byrjar jo å tru at det er ein reduksjon av innsiget og iår.   

Steinar

Nyheter 14. juni 2009

Laber start på fisket denne sesongen. Men fiskarane som har vert her er ikkje overraska. Det har vert elendige fiskeforhold, med stort sett lettskya oppholdsvær  og  nordavær sidan fisket starta og det er lite vatn i elva. Men fiskarane  seier det er bra med laks i elva. Dei seier og at det er eindel nygått laks. Har ikkje høyrt noko om det er sett laks i sjøen. Er og nokre fiskarar som har mista storlaks, dei meinar at det var laks på 13-14 kg. 

De savnar kansje hyppigare oppdatering av laksebørsen, men når det går fleire dagar mellom kvar oppdatering er det tegn på at det er få nye laksar. 

Steinar

 

Nyheter 3. juni 2009 Åpningsdøgn Etne 2009 029.jpg (50299 byte)

 

Første laks i 2009

Geir Kenneth Eriksen frå Åkrehamn tok årets første laks. Den beit på ei god makkaklyse i sone 12 berre fire minuttar over midnatt. Vekta stoppa på 5,7 kg.          Foto: Ellen Marie Hagevik

 

Nyheter 1. juni 2009

Ein grei opning på laksefisket. I  19 tida var det fanga ca 15 laks i elva. På laksebørsen, som nå er utlagd er det 13 fisk til nå, men har høyrd om meir utan å vite sikkert.  Største fisken vart tatt i sone 21 av Ove Lyssand, ein laks på 9,3 kg (bildet). Ellers er dei fleste mellom 5-7 kg. De kan lesa også lesa om opninga i Grannar

 

Steinar

 

Nyheter 30 mai 2009

1.5 døgn til sesongen startar, laksen er sett, og flott vannføring i elva (20-30m2 i Nordelva). Nå er det sol og sommar i Etne og  vermeldinga  seier godværet vil vare til onsdag men aukande skydekke fra mandag.  Det er ikkje  sett så mykje laks i elva enda men fekk meldingar om at det hoppa eindel laks på sjøen tidlegare. Tirsdag/onsdag regna det mykje så det var nok eindel laks som gjekk på elva da. 

I Etne er ikkje forventningane dei aller beste, enkelte trur kansje ein halvering av fangsten i fjor. Dette grunna luserapporten fra våren 2008, og smålaksfangstane tidlegare år. Så me er svært spente på korleis sesongen vert. 

Det er gjordt eindel gravearbeid i elva, på sone 8, 9 og 10. Dette er i hovedsak elveforebygging, men i sone 8 vart mykje av grusen som hadde lagt seg opp grave vekk. Så nå ser det ut til å vera flotte fiskeforhold der.   

PS: La ut link til veiledar om gjenutsetting av fisk 25.mai men 26.mai var det komt ein ny og bedre veiledar, De finn link oppe til høgre på sida. Her er og tatt med bedre bedømmelse av fisken, er det laks eller aure, hofisk eller hanfisk og om det er oppdrett eller ikkje. 

Steinar

Nyheter 25 mai 2009

Mottok fiskereglar fra elveeigarlaget og det var nokre endringar i reglane når det gjeld sjøaure. Det er fastsatt kvote på 1 sjøørret pr. stang pr. sone, og minstemål på aure på 40 cm. Sjå ellers sida Fiskereglar

Vil og informere om folder/veiledar  om gjenutsetting av fisk som de finn på  http://www.lakseelver.no/Tema/Fang%20og%20slipp/CR_folder_lowres.pdf

 Steinar 

Nyheter 2. mars 2009

Nedslåande artikkel om Lakselus i Etnefjorden i ny rapport fra NINA. Les meir i     Haugesunds Avis

Steinar

Nyheter 24. januar 2009

Nå er  Nick er i full gang med bookinglista og dei som fekk opningsdøgn er kontakta. Dersom du vil fiske til sommaren, ta kontakt med Nick. Spesielt fiske i juni og første halvdel av juli er det viktig å bestille nå dersom du ynskjer fiske i den tida. I år har me auka prisane med kr 50,- pr sone. 

Overvakingsfiske etter rømd oppdrettslaks varte fram til nyttår. Det vart totalt fanga 110 oppdrettslaks. Kom noko seint igang, men fra 30.10  til 15.11 vart 103 av dei fanga. 70 av desse var under 2 kg, gjennomsnitt på desse 70 var 1,25kg.  Der vart og fanga 13 regnbue aurar. 

Steinar