Fiskereglar for Etneelva 2026
1.
Fiske etter laks og
aure er frå: 25. Juni (00:01) til 25. August (24:00). Fiskedøgnet startar kl.
18.00 og varer til neste dag kl. 17.00, med unntak av 25. juni og 25. august
2.
Fiskeutstyr brukt i
andre vassdrag skal desinfiserast før fisket startar. Etne Camping har utstyr
til dette, ta vare på kvitteringa som dokumentasjon.
På grunn av smittefare, er det ikkje lov å
bruka slangesøkke eller flytedobbe fylt med vatn.
3.
Det er berre tillate
med stongfiske, stanga skal ikkje forlatast som ”Sjølvfiskande”.
I begge elvene er det lov å fiska med
floge, spinner, sluk og mark, men fiskerettshavar på dei enkelte sonane kan
forby markfiske.
Avstanden mellom krokstamma og krokspissen skal ikkje
vera større enn 15 mm for enkeltkrok eller 13 mm for dobbel- eller trippelkrok.
Ved bruk av mark skal krokstorleiken være minst 3/0.
4.
Fiskaren skal bruka
tang til krok og skjelprøvar, og det skal nyttast fangstnett/håv utan knutar.
Bruk av klepp er ikkje tillate.
5.
Laks under 40 cm og
vinterstøingar skal straks setjast ut att i elva. I heile fiskesesongen skal all
ho laks setjast ut att i elva. Det same gjeld for all aure under 40 cm lengde.
6.
Fiskarane pliktar å
respektera gjeldande fiskesonar, og det er forbode å fiska nedover og oppover i
neste sone. Døgn/sonekvoten kan berre nyttast på den sona der fiskekortet gjeld.
7.
Fiskaren og dei han
har med seg, skal utvisa sunn fornuft og respektera næring og brukarinteresser
angåande ferdsle på eigedom til og frå fiskeplassane, ikkje køyra eller gå
gjennom grasbøar. Ein skal nytta tilvist parkeringsplass, rydda etter seg og
forlata elva slik ein helst vil finna den.
8.
Det er ikkje lov å
setja opp telt utan løyve frå grunneigar.
9.
Fiskekortet lyder på
namn og kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå kortselgar. Kvittering
for fiskekort og fiskeavgift til staten skal visast på førespurnad.
10.
Alle fiskarar skal før
fisket startar registrera 0 fangstrapport til Elveguiden (dvs. at er fisket
starta utan at det er registrert fangstrapport til Elveguiden, er det brot på
fiskereglane).
All
fangst også fisk som vert satt ut att, skal rapporterast på Elveguiden.no innan
neste dag. Logg på via Internett «Elveguiden.no» eller mobil App «Elveguiden».
Dersom fangstrapport ikkje vert levert innan fristen,
kan fiskaren bli utestengd.
Oppdrettslaks,
regnbogeaure og pukkellaks vert ikkje rekna med i kvoten, men skal registrerast
og takast skjellprøvar av som anna fangst.
Det ska takast skjellprøvar av all avliva fangst.
Skjelprøvekonvoluttar er å få på Etne Camping, og dei skal leverast til
kortseljar eller Etne Camping.
11.
Ved kjøp av fiskekort
i Etne elva og Sørelva, samtykkjer fiskaren i gjeldande fiskereglar og pliktar å
retta seg etter desse. Ved brot på reglane kan fiskaren, med følge, visast bort
utan rett til å få tilbakebetalt for fiskekort.
12.
Etter
midtsesongevalueringa, kan styret i Etne Elveigarlag, i samråd med
Statsforvaltaren i Vestland, gjennomføra førehandsavtalte tiltak.
Til dømes endring av størrelse på fisken som skal
setjast ut att , endring av fangstkvotar, eller stoppa fisket.
13.
Fangstkvotar er
justert ihht anbefaling frå Miljødirektoratet. Fangstkvotar er fordelt på
fiskerettshaverar/sonar etter andeler. Dvs. at alle sonar har individuelle
fangstkvotar og det er fiskerettshavars ansvar å formidla fangstbegrensning til
kjøpar av fiskekort.
Når fangstkvoten for sona er landa, skal alt fiske
opphøyra for inneverande døgn, også «fang og slepp». Det same gjeld for
sesongkort, er fangstkvoten for sesongen landa, skal alt fiske opphøyra for
inneverande sesong, også «fang og slepp».
Fisk som etter reglane skal setjast ut att, men som er så
skada at den må avlivast, tilfelle fiskerettshavar. Slik fisk reknast som ein
del av kvota.
-------------Desse fiskereglane er fastsett av årsmøtet i Etne Elveigarlag. Sjå
Fiskereglar Etneelva 2026_.pdf
Kvotar Etne Laks:
- Etne Laks har ein kvote på 2 laks pr døgn pr sone.
- Etne Laks har ein kvote på 2 sjøaurar pr døgn pr sone
- Dersom me nermar oss kvoten på sonen kan me redusere denne
- Ved full kvote vil me tilby anna sone dersom det er ledige sonar .
- Er sonekvoten full og du ikkje får fiska, får du pengane tilbake.
Sone 21, egne tilleggsreglar
Når vannstand er under 6 m3/sek skal det ikkje fiskast under fossen.
Under fossen er det kun tillatt med floge og enkeltkrok med makk.
All krøkt fisk skal setjast utatt i elva, og går av på kvoten.
Fiske i sjølve fossen er forbode.