Statistikkar fra Etneelva

 

I 2009 vart totalfangsten på 1556 kg,   1482 kg laks,  og 75 kg sjøaure.  Det vart  tatt iland 328 stk laks,   og 55 stk sjøaurar.   Av laksen var  106 smålaks, 171 mellomlaks og 55 storlaks. Laksen hadde ei gjennomsnittsvekt på 4,4 kg. og gjennomsnittsvekta på sjøauren var  1,36 kg.   Av laksefangsten vart 200 kg tatt i Sørelva. 

Dette er ca. halvert fangst av laks og 1/3 av fjorårets fangst av sjøaure. Eit av dei verste åra me har hatt. 

 

 

Fig. 1. Diagrammet viser antall kilo som er fanga kvart år

 

Fig 2  Diagrammet er ikkje heilt korrekt for 1997 og 1998 , men me meinar det er nær det korrekte. 

Fangstar pr. veke

 

 

 

 

 

I perioden 1969 -2000 vart det fanga i gjennomsnitt 1079 laks i året med ein variasjon fra 597 (1981) til 2930 (1990).  Gjennomsnittsvekta på laksen var 3,2 kg i perioden fra 1969-1995, med ein variasjon fra 2,4 til 4,5 kg

Laksen vert klekka i elva. Etter ca. 3 år i elva vandrar smolten ut i sjøen og kjem att etter eit til tre år.I eit utkast til biologisk delplan (1996) seier dei at ca. 70 % kjem att etter eit år (gjennomsnittsvekt på 2 kg), ca 20 % etter to år (gjennomsnitt på 4,8 kg) og resten etter 3 år eller seinare (gjennomsnitt på 9 kg) . (I ein rapport fra 1977-1984 fra Etneelva vart det i perioden fanga 63% med smålaks)

 

   Skjellprøvar 

I 2007 var oppdrettsprosenten på 23,6% av sportsfiskefangstane. I fangstar etter fiskesesongen var slutt (overvakingsfiske og stamfiske)var det 46% i fangstane.  

Fig 3  Med sportsfiskefangstar reknar NINA fisk  som er fanga før 1.sept.

 

 Er du komt direkte til denne sida, kan du gå til Etne Laks si hovedside ved å klikke på denne linken 

Hit Counter

Web-sidene er laga av Etne Laks og administreres av

Steinar Grindheim