Fiskereglar 2009

    NB!!  Med verknad frå 1. august 2009 - og for resten av fiskesesongen - vert fiskereglane endra slik at det berre kan fiskast ein fisk pr. stang pr. sone. Hofisk skal setjast ut att i elva.

     

    1.            Fiskeutstyret som har vore i bruk i andre vassdrag skal desinfiserast før fisket startar.

    2.            Det er berre lov å bruke stang.  Det kan berre brukast ei stang pr. person og to agn pr. stang. Fiskestanga skal ikkje forlatast under fisket. Som agn er det berre lov med naturleg mark, sluk, spinnar, wobbler eller floge.  

    Avstanden mellom krokstamma og krokspissen skal ikkje vera større enn 15 mm for enkeltkrok eller 13 mm for dobbeltkrok eller trippelkrok. For makkfiske er minste lovlege krokstørrelse er 2/0. Det er forbode å rykkje fisken.

    3.            P.g.a. smittefare er det ikkje lov å bruke slangesøkke og flytedobbar som er fylt med vatn.

    4.            F.o.m. fiskesesongen 2008 er det innført fangstbegrensing (baglimit) på 2 stk. fisk pr. stang pr. sone.  Oppdrettsfisk er unntatt.   NB: For ørret gjelder 1 stk. fisk pr. stang pr. sone.

    5.            Fisk under 35 cm og vinterstøing skal straks setjast tilbake i elva. Vi oppmoder også om at gytefarga fisk blir sett tilbake i elva.  NB. For ørret er minstemål 40 cm.

    6.            Fiskaren pliktar å respektera gjeldande sonegrenser. Det er forbode å fiske nedover i neste sone.

    7.            Fiskaren pliktar å respektera nærings- og brukarinteresser, m.a. ved ferdsel til og frå fiskeplass, og nytte tilvist parkeringsplass. Sjå til at det ikkje oppstår skade på gjerde, planter og årsvekstar.

    Vær nøye med å rydde fiske- og rasteplassen når du dreg. Avfall tek du med.

    8.            Det er ikkje lov å setje opp telt utan løyve frå grunneigar.

    9.            Fiskekortet (faktura) lyder på namn og kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå kortselgar. Kvittering på betalt fiske, samt betalt fiskeravgift til staten (alle som har fylt 16 år), skal visast på førespurnad.

    10.        Fiskedøgnet startar kl. 18:00 på oppført dato og varer i 24 timar.  Første døgnet startar kl. 00:00 og varer til kl. 18:00. 

    11.        ”Fangstrapport”  skal leverast inn etter avslutta fiske, seinast 20. september, også om det ikkje vart fangst. Du kan  levera kortet på Etne Camping, eller  senda kortet til Steinar Grindheim  , Grindheim, 5590 Etne.   

    12.        Fiskaren pliktar å respektera gjeldande fiskereglar.  Brot på desse kan føra til bortvising utan rett til å få tilbakebetalt for fisket.

     Dersom kortet ikkje blir levert tilbake, kan det føra til utestenging frå fiske i elva. 

      Innrapportering til laksebørs  blir ikkje rekna som innlevert ”Fangstrapport”.

    All fisk skal innrapporterast, også fisk som er gjenutatt

    Skitt fiske !

     

     

 

NB. Desinfiser utstyret før fisket startar.   

Kva er Gyrodactylus salaris

Skitt fiske !