Sesongen 2022

Fiskedøgn: Alle fiskedøgn startar kl. 18.00 på datoen på fakturaen og varer til kl. 17.00 neste dag.

 Årskvotar: På årsmøtet til Elveeigarlaget vert det vedtatt å innføre årskvotar  pr sone fordelt etter andelar i elva. Dette etter krav fra sone 1 og Prestaretten. Berre halve kvoten kan tas ut før midtsesongevaluering.

Me trur ikkje det får så stor innvirkning på Etne Laks sine sonar etter å ha studert tidlegare års fangststatistikkar.  Difor fortset  Etne Laks  med 2 laksar pr sone pr døgn, men me må ta forbehold dersom kvoten skulle  bli full. Da  vil følgjande skje:

-          Dersom me nermar oss full kvote for sonen kan kvoten bli redusert  til 1 fisk pr. døgn

-          Fiskaren får tilbud om å fiske på anna sone dersom det er ledige sonar

-          Eller me betalar tilbake soneleiga.

NY Fri kvote. Fra 14. juli er det fritt for å ta alle laksane i sonane 16, 17, 18, 19, 21, 22, 23, og 24 så lenge det er innafor årskvoten. (NB holaks over 90 cm og hannlaks over 100 cm skal fortsatt setjast utatt.)

 Makkeforbud Gjerdsretten (sone 4-9) Nytt er det og at Gjerdsretten(sone 4 til 9) opphevar makkeforbudet.

 

Laksefelle: Laksefella står fortsatt rett ovanfor Enge Bru for å skille ut all oppdrettslaks.   All fisken vert fanga og kontrollert og villaksen vert satt utatt ovanfor fella.

 

All holaks over 90 cm og all hannlaks over 100 cm skal setjast utatt i elva. 

 

Fangstrapportering og Laksebørs.  All fangstrapportering skal vera på  Elveguiden.no  Hugs at du må registrere alle døgna dine her, om du fekk fisk eller ikkje.  NB! Hugs at du skal registrere 0 fangst før fisket startar og rediger denne når du får fisk.

Prisar  Prisane på sonane står på sida Om sonane  

Minstemål    Me vil  minna om at   "Fisk under 40 cm. skal straks setjast tilbake i elva i mest mulig uskada stand (Gjeld både laks og sjøaure)."

Desinfeksjon av fiskeutstyr  Alt fiskeutstyr som er nytta i andre vassdrag skal desinfiserast. Dette kan De få utført på Etne Camping.  Fiskarane må rekna med å betale ei  avgift for å få utført desinfeksjon.   

Skjellprøvar  Vi krev skjellprøve av alle fiskar som vert fanga og avliva. Skjellprøvar får du hjelp til å ta hjå Gerd  på Steine eller Etne Camping.. Her kan du også få skjellprøve konvolutter .